Song ER pust.

Dei fleste korsongarar ynskjer å få betre songteknikk, og helst "bli betre på pust".

 

Song ER pust.

 

Utan ein grunnleggjande god pusteteknikk er det nær umogleg å finne det ein kallar "støtte", det som gjev deg god klang og intonasjon, større høve til bruk av dynamikk, og rett og slett meir overskot.

På songtimane arbeider vi med konkrete øvinger for pust og støtte, som gjer at du enkelt kan øve på dette på eigahand heime. Vi arbeider aktivt med å finne sambandet mellom talestemme og songstemme slik at du syng med DI stemme. Og vi arbeider med å koble stemme og kropp saman. Steg for steg!

 

Nybyrjarkurset går over 6 gonger, rett og slett fordi ein treng minimum 6 veker for å forstå og erfare korleis ein skal øve seg til ein god, grunnleggjande songteknikk. Timen varer i 45 min, og totalpris for kurset inkl. materiell er kr 3.600,- . Du vil få tilsendt eit øveprogram du skal følgje, samt ei lydfil med songøvingar du kan øve til på eigahand. Etter dette vel du om du vil fortsette arbeidet sjølv, og ta kontakt ved behov, eller om du har lyst til å å ta ei ny runde med 6 - 10 songtimar over eit semester.

Undervisninga foregår online via Zoom, ta kontakt for å gjera ei avtale for ditt kurs!

Songkurset rettar seg i fyrste runde mot korsongarar, og vi tek utgangspunkt i det repertoaret koret ditt syng for tida, slik at du også har noko konkret å arbeide med på korøvingane.

© 2020 by Hildegunn Hovde